Hjemmeside- Platecover-side - Yrkesvalg - Arild-side - Steelgitar side - English home page- Linkside - USA tur 1996
Oppslag sidan 13-05-96 :

Country Forum nr.1


Bli medlem - sjå nederst på sida

Smånytt - Dick Curless - Country Forum på nettet

SYKKYLVEN COUNTRY KLUBB SKIPA 25 APRIL 1996.

Torsdag 25. april møttest 11 countryinteresserte Sykkylvingar på "Hotell Leon" for å skipe ein country-musikk klubb. Det midlertidige namnet er: Sykkylven Country Klubb. Det blei også velde nokre personar som skal prøve å dra det heile i gang. Oddgeir Hatlemark vart valt til styrar og rekneskapsansvarleg. Arild Kvenseth og Jon Reidar Kurseth skal ta seg av informasjonsskriv og medlemsblad. Einar Løkken og Odd Karlsen skal vere artistkontakt og arrangementsansvarlege.

Formålet med klubben er å skaffe gode countryartistar til å opptre i bygda. Planen er også å arrangere fellesreiser til konsertar, festivalar etc. Vi skal gjennom medlemsbladet informere om kva som skjer og når det skjer, anten det er konsertar eller andre ting som må vere av interesse. Det blir også informert om nye plater og konsertanmeldelsar. Plater kan medlemmane få kjøpt til ein fornuftig pris gjennom klubben, bl.a. frå skandinavias største country-musikk importør. Medlemmane vil få ein redusert pris på billettar der klubben står som arrangør. Medlemskontingenten vart sett til kr. 100,- pr. år. Det er også meininga å starte eit eige klubb-band som skal opptre på diverse klubb-kveldar. Vi veit óg at det er mange i Sykkylvsbygda som både syng godt og spelar godt, og desse kan anten åleine eller saman med klubb-bandet få utløp for sine musikalske evner. Vi håper mange vil vere med i klubben og ynskjer DEG velkommen som medlem. Vi reknar med å vere i full SWING etter sommarferien både med det eine og det andre.
Desse var med på skipingsmøtet til Sykkylven Country Klubb: Oddgeir Hatlemark, Arild Kvenseth, Nils Petter Weiberg-Aurdal, Vigdis Løseth, Andor Løseth, Einar Løkken, Odd Karlsen, Sven Bøe, Bernt Bøe, Andreas Isaksen og Jon Reidar Kurseth.

Keep it country!

Helsing
Arild Kvenseth og Jon Reidar Kurseth.

Gå til toppen av sida


Nokre ord frå medansvarleg red. Arild.


Hei alle country-svake sjeler. Som du kan lese er vi altså i gang med klubb for country-musikk i bygda. Kor steile vi skal vere med dette "country-stempelet"?, det er det opptil oss sjølve å avgjere. Det vi vil fram til er at vi vil samle kreftene som trass alt finnast i bygda til å framheve i hovedsak denne musikkforma. Vi fekk ei "Roots" bølgje for nokre år sidan, men dette var og er ikkje nok. Resultatet vart rett nok at vi fekk høyre og sjå country-musikk og instrument som steelgitar, slidegitar, fele osv. men vi vart samstundes vitne til ei ukritisk blanding av blues, rock, rolege og raske låtar samanpressa og blanda i samme "Roots"-gryta. Vi country-folk sit difor att med ein rar smak i munnen når artistar gir ut plater med ei "fola" blanding, og dei mest populære og spelte melodiane deira er reinspikka country-låtar ! Dei spora som er blues og rock baserte blir oftast berre fyllmasse og døgnfluger i samanlikning. Vi er sjølvsagt glade for artistar sin framgang i musikkbransjen, men det må vere noko fundamentalt gale når det må gjerast på denne måten.

Ei oppfordring må då gå ut til dei som skal både spele country-musikk i radio, skrive om arrangement og plateutgivelsar som har med country å gjere; HALD DYKK TIL SAKA ! Gi blaffen i revolverbelta, hattar, hestar og fylla under Countryfestivalen på Vinstra (den er der under Titano og andre festivaler også !). Det er oftast personar som ikkje har tilknytning til musikken, som berre er der på fest, som klarar å sverte inntrykket av ellers særs gode arrangement ! All ros til arrangørane som orkar å dra i gang slike tilstelningar!!! Sidestill MUSIKKEN, musikarane og instrumenta på same måte som de ville ha gjort med jazz, klassisk, rock og elles kva som helst anna musikk !!! Dette burde vere enkelt å gjennomføre, det er berre å bruke øyrene, hovudet og hjartet, så går resten av seg sjølv.

Dette var ei enkel skildring av korleis countryfolk ser og føler behandlinga av den musikkforma dei tykkjer gjev dei mest tilbake. Sjølv er eg "alt-etande" når det gjeld musikk-smak, noko eg trur dei fleste faktisk er. Men det er alltid country-musikken eg sit att med når det gjeld musikk eg aldri blir lei av. ALLTID !!! Det sårar difor ekstra når uvitande i mektige posisjonar går ut og held musikkforma country for narr!

Når det gjeld stoff til "Country Forum" vert dette sjølvsagt prega av oss eldsjelene som er med og dreg i gang det heile. Vi vil sjølvsagt høyre frå DEG anten i brevsform eller om du har mogelegheit for å skrive på PC er dette også heilt i orden. Du sparar oss for mykje knappetrykking då. Vi les både Macintosh og PC diskettar. Eller har du Internett abonnement kan du sende dine skriverier til min e-post adr. anten i e-posten eller "henge på" tekstfila du har skreve.
Eg har også ein liten plan når det gjeld å gjere denne "avisa" tilgjengeleg på Internett. Når vi likevel har all tekst inne på dataen for å lage ein trykksak, er det gjort i ei handvending å leggje teksten tilgjengeleg for t.d. andre klubbar eller interesserte i form av sider på mitt "heimeområde" som eg har "oppe" på nettet frå før. Difor kan du ved å gå til mi heimeside "klikke" deg fram til siste utgåve av Country Forum og lese eller laste ned denne til di datamaskin om du vil. Heimeside adressa mi på Internett er:
http://
Du er óg velkommen til ein tur innom sidene mine for samstundes å lære og sjå litt på steelgitarar og ymse anna, dessutan sjå eit døme på korleis Internett kan brukast til å fremje informasjon.

Med helsing Arild


Gå til toppen av sida

SMÅNYTT OM STORE TING

* TRIBUTE TO THE BEACH BOYS - Et nytt tribute album fra Nashville er klar i løpet av sommeren. Gamle Beach Boys slagere i ny tagning med bl.a. Willie Nelson, Steve Earle, Lorrie Morgan, Junior Brown. Beach-Boy Brian Wilson er medprodusent

* WILLIE NELSON har 3 nye album klare, det første er allerede utgitt. Det heter "SPIRIT" og har fått gode kritikker. Senere følger et reggae og et blues album. BOB DYLAN jobber med en hyldningsplate til legenden Jimmie Rodgers på eget nystartet merke. Flere kjente countryartister skal være gjester på platen.

* BUCK OWENS skal åpne sitt nye "Crystal Palace Museum & Theatre" i Bakersfield, California til sommeren. Owens selv og hans Buckaroos skal være faste innslag på scenen i den nye flotte konsertsalen.

* Den lenge etterlengtede CD-boxen til EMMYLOU HARRIS er like rundt hjørnet. Boxen skal inneholde 4 CD'er med flere uutgitte spor pluss en bok. Tittel er "Portraits".

* Den norske veterangruppen THE BEATNICKS har en ny CD klar. Endelig har de også fått øynene og ørene opp for countrymusikk, men det tok tid!

* BJØRN ELVESTAD har en meget god CD ute, kalt ganske enkelt "Instrumental". Elvestad er en meget dyktig musiker og spiller alle instrumentene på CD'en selv. Det er først og fremst steelgitaren som er hovedinstrumentet på platen. Elvestad er nå fast medlem i Ole Ivars. Platen anbefales! Arild skaffer den.

* MARK KNOPFLER fra Dire Straits ville ha med seg både Paul Franklin (verdens mest brukte steelgitarist) og countrystjernen Vince Gill i sitt "Golden Heart" turnéband. De er begge med på platen, men har ikke tid til turné. Sessionmusikerene fra Nashville, bassisten Glenn Worff og gitaristen Richard Bennett er med både på platen og turnéen. Paul Franklin var med på Dire Straits siste verdensturné og Vince Gill fikk tilbud om å bli fast medlem av Dire Straits, men takket nei. De er langt fra de første countrymusikerene som er ettertraktet blant rockemusikere.

* CHRIS HILLMAN fra Desert Rose Band, The Byrds og Flying Burrito Bros. har nå dannet et nytt band. De kommer med ny CD, BAKERSFIELD BOUND - på Sugar Hill Records i mai. Gruppen spiller Buck Owens influert musikk.

* GEORGE STRAIT, en av USA's største countryartister er ute med en ny CD, "Blue Clear Sky". George Strait er Garth Brooks' countryfavoritt, og det kan høres!

* KEITH RICHARDS fra Rolling Stones og Mark Knopfler er med på George Jones' "Bradley Barn Sessions" CD. Begge synger country med innlevelse.

Mer smånytt i neste nr. J.R.

Gå til toppen av sida


DICK CURLESS - The Baron Of Country Music

Richard William "Dick" Curless, født i 1932, døde for ca. 1 år siden av kreft. Dick Curless var en av få countryartister som kom fra Maine, på USA's østkyst. Dick ble kalt "The Baron Of Country Music" og gjorde en rekke plateinnspillinger bl.a. for "Tower", "Tiffany" og "Capitol" i 50, 60 og 70 årene. Hans største hit var "Tombstone every mile" fra 1965. I 1966 turnerte han med Buck Owens & The Buckaroos over hele USA, Filippinene og Japan. Han var også med i "Buck Owens' Ranch Show" på TV. Dick Curless hadde en mørk, meget behagelig stemme med trøkk, innlevelse og flotte fraseringer. Mange av Dick's plater er såkalte "truck driver songs", han var meget populær blant USA's "truck drivers" og gjorde til og med en "live" LP fra "Weeling Truck Drivers Jamboree". Dick hadde også mange venner i Norge, bl.a. Roald Atle Larsen fra Bergen som fikk han til å spille inn en plate i Norge i 1987 sammen med Kjell Birkeland og Harald Dyb. Denne platen heter "Welcome to my world" og kom ut både på LP og CD på Rocade Records. Ved sin død hadde Dick Curless kontrakt med "Rounder Records" og hans siste plate kom ut noen måneder etter hans bortgang. Denne har fått tittelen "Travelling Through" og inneholder 14 perler med ekte, god gammeldags country med sjel. Milevis unna alle Garth Brooks kloningene fra Nashville, platen er ikke engang innspilt der, men i Massachusetts. Bear Family Records i Tyskland har utgitt en flott CD-box med Dick Curless med tittelen "Tombstone every mile". Den inneholder 7 unike CD'er og en bok. Mange av sporene på verket er ikke utgitt før. Dette er ekte vare fra en stor artist som hadde sin egen stil. "The Baron of Country Music" fortjener absolutt en plass i enhver countryelskers platesamling.

Jon Reidar Kurseth



Det var alt for denne gang. Håper denne utgåva av Country Forum gav meirsmak, og at du vil kome på arrangement som vi prøver å få til framover. Medlemskap kan ordnast ved å kontakte ein av oss eller ved oppmøte på ei av tilskipingane våre. Du tjener inn kontingenten på kort tid dersom du nyttar deg av fordelane klubben byr på.

Beste helsing styret i Sykkylven Country Klubb



Denne siden ble lagt ut den 13-05-96
AK
Gå til toppen av sida