Hjemmeside- Platecover-side - Yrkesvalg - Arild-side - Steelgitar side - English home page- Linkside - USA tur 1996


Dette er samme reportasje som var prenta i Sykkylvsbladet side 16 og 17, tysdag 24. desember 1996

Denne sida er på www frå og med 7. februar 1997 © Arild Kvenseth

Bli med steelgitar entusiastar frå Noreg og Danmark på ei musikalsk reise til countrymusikkens heimland.

Til Musikkens Mekka

Etter om lag ti års ynskjetenking og eit års nøye planlegging viste kalenderen endeleg at no var det på tide å gå i gang med dette ti årets, ja kanskje dette hundre årets musikalske tur til USA. Og, la meg seie dette først før du les vidare; Mi skildring av denne turen gjev berre brøkdelen av inntrykka av det som vi såg og høyrde. Ein slik tur må berre opplevast!

Åtte andre interesserte frå Noreg og Danmark hadde sagt ja tidlegare i år, og vi møttest etter tur på Gatwick-flyplassen ved London, føremiddagen onsdag 28 august for så å fare vidare til Saint Louis i samla tropp. I St.Louis vart vi tatt i mot av "Scotty", arrangøren av det 25te Internasjonale Steel Guitar Conventionet. Travelt opptatt som han var desse dagane, tok han seg gjerne ein avstikkar for å hente kjentfolk på flyplassen. På spørsmål om han verkeleg hadde tid til dette svara han: "You've taken care of me when I was in Europe, I'll take care of you while you're here!" På veg ut av flyplassen passerte vi "The Spirit Of Saint Louis", flyet til Charles Lindberg som han flaug over Atlanterhavet med tidleg i vårt århundre.


fra v.J.Newman/H.Rugg/P.Franklin/T.White--------Tom Brumley på hovedscenen i St.Louis

til v. Arild og Henning Kock v/ the Arch in St.Louis / til h.Arild ved Scotty's Chevy van


The International Steel Guitar Convention, ja det er verdas største samling av steelgitar interesserte, produsentar av instrumentet, læremateriell og profesjonelle utøvarar som óg heldt konsertar dagen lang. 3000 besøkjande var det sist år, kor mange det var i år veit eg ikkje, men det var ikkje færre enn sist sa Scotty ein av dagane. Dette Saint Louis besøket har har eg sett fram til i mange, mange år då eg framleis og sidan 1989 driv med import og sal av utstyr til steelgitaristane i Noreg og Skandinavia. Det finst så uendeleg mykje utstyr til dette instrumentet berre ein veit om det, og her er alt samla på ein stad. Vi fekk sjå, snakke med og høyre kjendisar som f.eks. steelgitaristane til Dire Straits, Waylon Jennings, Willie Nelson, Buck Owens, Ernest Tubb, Connie Smith, Loretta Lynn, ja, lista blir altfor lang om eg nemner heile gjengen. ALLE var der for å seie det kort, og eg, ein stakkar frå Noreg som trudde eg hadde høyrt mange gullkorn innspela på plate opp gjennom åra fekk no oppleve dette som haglbyger mot kropp og sjel i fem dagar samanhengande. Ekstra bonus vart det når vokal-stjernene Connie Smith, Marty Stuart og Vince Gill kom for å heidre sine steelgitaristar, og dei drog av fleire av sine hitlåtar som, "Once a day", "When the sun goes down" og "Look at us" og desse har vorte verdskjende for både steelspelinga og synginga. Dette var såpass sterk avslutning på conventionet at det var nesten godt å kunne få kople av og reise frå Saint Louis til Nashville, Tennessee måndag 2 september for å bli der i 6 dagar.


frå v. Arild og Niels Tuxen / i midten Vince Gill signerer autografer etter sin opptreden på conventionet / frå George L's' stand

I musikkens by - Nashville.
Her fekk vi endeleg oppleve "dårleg" ver med ca. 28° C og regnbyger dei første dagane. Det var som å gå inne på badet i ein heil dag etter du har dusja. Ei særs spesiell oppleving. Same kor lettkledd du var så vart alt klamt og vått. Det var såleis greitt å kunne vere inne på hotellet eller i butikkar så mykje som mogeleg med air-condition desse dagane. Når eg nemner butikkar så kjem eg automatisk inn på pengar. Det å ha eit kredittkort som ein kan stole på er eit "must" i seg sjølv når ein er i USA på tur, men når det gjeld kontantane i seddlar så hadde dei fleste medreisande same opplevinga som meg. Eine dagen kunne lommeboka innehalde både 10,20 og 50 dollar seddlar, for så dagen etter å nesten berre innehalde 1 dollar (6,50 kr) seddlar. Som dei bereiste i USA sikkert har sett så har alle seddlar same farge og storleik. Det er kun ved å direkte lese på seddelen at du ser valøren. I Noreg ser vi grøne, raude, blå og lilla papir-pengar og får raskt eit overblikk over "saldoen" i lommeboka når vi opnar denne og ser nedi. Ikkje so med dollarseddlar! Dette er Amerika i eit nøtteskal. Dei har ei rekkje metodar og gamle vanar som er tungvinte og lite "snertne" for forbrukarane, sett med våre europeiske auge. Klart, det er ikkje lett å snu og forandre på system og haldning til over 260 mill. menneske over natta. Snålt å tenkje på når vi veit kor ofte vi har skifta utsjånaden på pengane i Noreg siste åra, og i USA ser utsjånaden til pengane ut for å ha fått "evig liv". Men, mykje er på gang og trenden er at amerikanarane, og då skuleborna spesielt, lærer og innfører ein god del av andre sine system. Før skulle jo alle andre ta etter og gjere som amerikanarane. No er det like gjerne motsett, og særleg påverkinga frå Japan og Østen er godt merkbar når ein ser seg rundt i USA.


frå tur med trolley, Arild og Marty Stuart, utsikt mot down town Nashville sett frå Music Row, min favoritt bil Ford Mustang
- utstilling i Music Valley Drive (har noen en lignende Mustang til salgs ?, send meg en e-mail!)


CM Hall Of Fame.
I Nashville var det først Country Music Hall Of Fame, eit museum for og om countrymusikkens historie, som fekk besøk av oss. Dette låg berre eit steinkast frå hotellet vi budde på og i denne bygninga var det jammen mykje forskjellig. Alle tenkjelege utstillingar av klede, instrument, studioutstyr, notar, tekstkladdar, bilar for å nemne nokre døme om og av artistar frå byrjinga til countrymusikken og fram til i dag. Gitarfabrikken Gibson hadde også eit stort rom med utstilling av sine instrument i alle slags utgåver. I platebutikken der vart eg tilfeldig ståande i lag med Marty Stuart (kjendis!) som vi hadde høyrt syngje i St.Louis nokre dagar før, og eg nytta sjølvsagt høvet til fotografering og til å takke for konserten han hadde der. Etter turen i museet vart det guida tur i open buss rundt om i området for å vise kvar dei forskjellige plateselskap, artistar og studio heldt til. Vi vitja også STUDIO B til RCA som m.a. Chet Atkins fekk bygd. Det er frå dette studioet den såkalla "Nashville Sound'en" har kome frå, som vart så vide kjend frå siste halva av 60- talet av artistar som Charley Pride, Skeeter Davis & Bobby Bare, Tammy Wynette, Porter Wagoner osv. Det vart ein del handling i Nashville og på lista stod hatt og skikkelege støvlar- boots. Vi vitja ein av verdas største i westernklede, Sheplers, og der var alt som stod på lista og meir til. Vi kom og på vitjing til George L's, ein spesialfabrikk for utstyr til steelgitar. Sjefen sjølv var tidlegare ansatt hjå Fender, og medan vi var der fekk vi eit lengre foredrag og demonstrasjon av vikling av pick-up'ar (mikrofonar). Det vart såleis mykje snakk om trådspenning, trådtjukkleik, viklingstal og magnetisme at eg kjende meg rett som heime i eit herverande symaskinfirma i Sykkylven som eg er ansatt i. Vi besøkte også dei to einaste steelgitar butikkane i Nashville. Begge innehavarane er drevne musikarar og den eine fekk vi også høyre att på The Grand Old Opry på laurdagskvelden saman med Connie Smith.


frå v. utanfor George L's i Nashville: George himself, Arild, Mona, Henning / Jeff Newman, Hans deJong (NL), Hal Rugg

The Tennessee Countryside.
Den kanskje mest spesielle dagen var då vi besøkte Jeff Newman og familien ein halv times køyring aust for Nashville. Han har vore steelgitarlærar i 30 år og undervist over heile verda. Jeff og kona Fran var forresten innom Sykkylven i mars månad 1991 då det vart arrangert eit steelgitarseminar på Runde. Jeff plar samle proff steelgitaristane i Nashville-området på onsdagen etter at det har vore convention i St. Louis til eit grill / hageselskap hjå seg. Dette var gjenvisitten på ein måte for meg, og vi 9 skandinavane hadde ein heilt super ettermiddag og kveld ute på landsbygda med modellflyging, omvisning i området, mykje god musikk - prat - mat og drikke. Ekstra stas var det når dei kom med ei kake med mål ca. 100 x 75 cm der det stod "Welcome to Tennessee" på. Temperaturen var upåklageleg denne dagen, omlag 35°C der vi sat midt oppe på ei høgd og såg gribbar sirkle i det fjerne, høyrde grashopper, "trefroskar" og mange andre dyr og insekt. Å få høyre alt spetakkelet inne i skogen og buskene er ei oppleving i seg sjølv.

Countrymusikken vil bestå!
Når ein er ute i Nashville og høyrer alle artistane som prøver på å bli oppdaga eller som opptrer, så slår det meg at det er langt mellom dei gamle klassiske countrymelodiane eg trudde eg skulle få høyre. Det er stadig nye artistar, tekstar og melodiar som slår igjennom. Ein av dei nye låtane innspela i 1995 som eg fall fullstendig for, høyrde eg rett nok på ein CD med George Strait. Han er kanskje den vokalist i dag som er av dei største og som eg sett høgast. Og teksten, ja teksten og den enkle greie melodien med tre grep, går aldri av moten i ein countrysong så lenge det finns menneske på jorda. Med tre vers er livssituasjonen til millionar av menneske beskreve - dette er country! Og orda gjeld i USA - i Noreg og i heile verda, om deg og meg, kanskje meir aktuelle for kvar dag som går med alt for høge skilsmissetal og andre luksusproblem i vårt travle samfunn der vi materiellt sett har det kanskje altfor godt men stadig gløymer det viktigaste av alt, å ta vare på ... kvarandre.


Frå George Straits 4-CD "Strait Out Of The Box" tekst og melodi: Aaron Barker / Monty Holmes


I know she still loves me

There's just a hint of indifference And a lack of conversation when we talk And the subject matters changed There's no talk of our future now at all She still kisses me each morning But it seems more like a habit than before I know she still loves me But I don't think she likes me anymore

She used to laugh at all my jokes But lately I can't seem to make her smile And the last time we made love, it was good But God, its been a while She's always there when I come home But she's no longer waiting by the door I know she still loves me But I don't think she likes me anymore

Cause its just a little colder Everytime I hold her She's just going through the motions from what's left of hurt emotions And it scares me half to death Wondering what tomorrow holds in store I know she still loves me But I don't think she likes me anymore


Dei siste dagane i Nashville bega vi oss ut til Opryland området nord-aust for sentrum og budde der dei siste to dagane. Der er forutan ein stor fornøyelsespark også hovudkvartera til satelittkanalen CMT (Country Music Television), fjernsynskanalen TNN med live countrymusikk konsertar kvar kveld, det store Opryland Hotel og for ikkje å gløyme The Grand Old Opry. På sistnemnde stad var vi laurdagskvelden og fekk høyre og sjå bl.a. Charley Pride, Skeeter Davis, Connie Smith, Jean Shepard, Bill Anderson, ja ei rekkje av gamlesorten var her, og her kom også dei gamle gode melodiane trillande som perler på ei snor. Søndagen kom og ei fantastisk veke i The Music City var over og vi byrja på siste etappe som var med Greyhound Bus frå Nashville til Memphis.


til venstre og i midten Bobbe Seymours steelgitarbutikk / til h. Sonny Purdrums steelgitarbutikk/verksted i Nashville


Memphis - ei roleg oppleving.
Vi kom fram til denne byen i 6 tida om kvelden og etter innsjekking og mat på hotellet måtte byen utforskast. Til vår store overrasking var bygatene aldeles aude sett bort frå nokre tiggarar som på eit relativt fredeleg sett var ute etter sigarettar eller eit par dollar. Det var så folketomt i gatene at det likna på ein typisk amerikansk film der alle folk forsvinn når noko skummelt skjer og vår helt står att heilt åleine. Men plutseleg høyrde vi lydar og vi var komne til Beale Street. Her var bluesklubbane på rekkje og rad og B.B.Kings bluesklubb og andre fekk besøk av oss fram til midnatt før vi returnerte til hotellet for vår siste natts søvn i USA.

Graceland - the home of Elvis.
Når ein er i Memphis er det sjølvsagt at ein valfartar til heimen til Elvis Presley, Graceland. Her er det turistindustri, og det må det vere, for ei slik folkemengde og det utanom sesongen var berre heilt utruleg. Du blir påtredd ein kassettspelar og høyretelefonar for så å bli frakta over vegen og opp til sjølve huset. Kassettbandet går og du får rusle rundt om i heimen og på eigendomen medan stemma guidar deg til du til slutt står ved grava til The King. Det er då det går opp for deg kvar du eigentleg er og at du står på historisk grunn. Så er det full fart over vegen igjen for å sjå på bilar og fly som kongen nytta samt å kjøpe souvenirar i alle fasongar.

The End.
Så er det slutt. Vi reiser til hotellet for å hente bagasjen, for så å komme oss til flyplassen i Memphis. Der reiser vi til Saint Louis igjen og vidare til Paris - Oslo - Vigra, slag i slag. Ein tøff og langdryg retur med lite søvn, og når eg går ut av flyet på Vigra ser eg ny-snøen i fjella, kjenner 25 °C lågare temperatur og tenkjer - endeleg heime.

Men ein gong, kanskje fleire gongar, skal eg tilbake til Nashville for der er uendeleg mykje som framleis er uutforska. Så inntil vidare er det vel berre å vente på kredittkort-utskrifta for å sjå korleis det heile gjekk. Men med det eg veit angrar eg korkje på ein einaste dag eller på kvar brukte dollar "over there"!

Tilbake til toppen av sida



Du er besøkende nummer : -siden 16-02-97

© Arild Kvenseth 16-04-1996
Updated Jan 24 -1998 with Netscape 3.01 Gold for Macintosh